Ingeniørtrainee - Restorae AS
Vil du jobbe med framtidas løysingar i ein spennende oppstart?

Restorae har som mål å gjennomføre verdas største restaurering av marine økosystem. Enorme areal av norskekysten er øydelagt av overfiske og har blitt til undersjøisk kråkebolleørken. Vi utviklar teknologi og forretningsmodellar som skal nyttast til å tilbakeføre desse områda til ny tareskog med rikt artsmangfald. Når vi har fått det til i Noreg står resten av verda for tur.
Generelt om traineestillinga:
Vi ser etter ein ingeniør innan maskinteknikk, men kan også vurdere nokon frå marin, produktdesign eller lignende. Personen vil bli ein del av Restorae sitt utviklingsteam i Ulsteinvik.
Kvalifikasjonar:
Vedkomande bør kunne eit av dei vanlege CAD-verktøya for 3D- og 2D-konstruksjon og ein viss kunnskap om marint maskineri er ønskjeleg. Mekanikerfagbrev eller praktisk erfaring med maskiner er positivt. Det vil vere ein fordel å ha vore på noko sjøen, anten i jobb eller fritid. Både norsk og engelsk vil vere nødvendig å beherske godt.
Eigenskapar:
Du må vere oppteken av natur og klima. Restorae fokuserer på havet og derfor er det viktig å trivest på båt då vi utvikler teknologi som skal vere nettopp på båt. Vi ønskjer oss nokon som likar å eksperimentere og har oppfinnarvilje i seg, og er genuint interessert i teknologi. Elskar du både naturen og teknologi er du perfekt for Restorae!
Å jobbe hos Restorae:
Vi er eit lite team, så ein trainee får mykje påvirkningskraft og få prøve seg på eit ekte oppstartseventyr. Kontora våre er sentralt i Ulsteinvik, så det er nødvendig å bu i nærleiken, i alle fall på Søre Sunnmøre. Det blir teknologiutvikling av typen «fail fast» samtidig som vi skal ha industriell oppskalering i tankane. Du vil aldri lure på mål og meining om du jobbar hos oss.

Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr
- Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
- Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
- Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
- Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Steder
- Ulsteinvik
- Søknadsfrist
- 11.5.25
Om Yapril AS
Rekrutterings- og rådgivningsselskapet Yapril ble stiftet i Ålesund i 2012 og er i dag det største kompetansemiljøet for rekruttering på nordvestlandet, med oppdragsgivere og kandidater nasjonalt og internasjonalt. Vår suksess bygger på våre kompetente og erfarne rådgivere, og deres evne til å gi alle involverte en varig kvalitetsopplevelse.
Ingeniørtrainee - Restorae AS
Vil du jobbe med framtidas løysingar i ein spennende oppstart?
Laster inn søknadsskjema