Trainee som Prosjektleiar - Rovde Møbel & Design
Spring Trainee – eit springbrett til di draumekarriere!
Rovde Møbel & Design AS vart etablert i 2016 og har 12 tilsette. Vi produserer møblar med plater som utgangspunkt. Segmenta vi produserer er skipsmøblar, kjøkken/storkjøkken, vaskerom, garderobe, bad og mykje spesialtilpassa møblar etter kunden sine behov. Vi innreier også hyblar, hotellrom, leilegheiter etc. etter bestilling frå arkitektar/entreprenørar.
Våre kundar er skipsverft, innreiingsselskap, entreprenørar, bedrifter og privat personar.
Rovde Møbel & Design AS har hatt ei fin utvikling sidan oppstarten. Vi har investert i nye maskiner som datastyrt platelager, to nye CNC nesting linjer, kantlistemaskin m/returbane og ny stor platepresse. Vi teiknar alle prosjekta i 3D og desse teikningane er også produksjonsgrunnlaget vårt.
For å utvikle bedrifta vidare søkjer vi no etter ein engasjert trainee som ønskjer å utvikle seg innan prosjektleiing og 3D teikning. Vi tilbyr all nødvendig opplæring og rettleiing for di utvikling.
Dine viktigste arbeidsoppgåver:
• Prosjektoppfylging fra A til Å
• Teikning i 3D med IronCAD
• Salg og kundekontakt
• Produksjon og produksjonsstøtte
Kven vi ser etter
Vi ser etter deg som har relevant utdanning eller erfaring innan prosjektstyring, produksjon og 3D teikning. Som person trur vi du er nysgjerrig, sjølvstendig og arbeider systematisk for nå målene dine. For å lukkast i rolla må du ha god data- og systemforståing.
Vi tilbyr:
Som trainee hos oss kan vi tilby deg eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, konkurransedyktige betingelser, og mogelegheitar for personlig og faglig utvikling. Her vil du få bli med å forme og utvikle kvardagen din innanfor klare rammer.
Gjennom denne stillinga er du tilknytta Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp, kor du får tilgong til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for din vidare karriere. Spring Trainee tilbyr:
• Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
• Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
• Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
• Eitårige traineekontrakt, med moglegheit for fast tilsetting
Vi søkjer unge nyutdanna som nyleg har gjennomført høgare utdanning.
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar, Sparebanken Møre, og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Finn din plass i Norges mest innovative region - vi treng deg på laget!
Oppstart: januar
Frida Eirin Voldnes – Prosjektleiar Spring Trainee
E-post: frida@ulstein-nf.no
Tlf.: 468 54 236
Paul Sindre Vedeld - Rådgjevar Rovde Møbel & Desgin
E-post: Paul@rovdemobel.no
Tlf.: 95838782
- Steder
- Rovde
- Søknadsfrist
- 21.11
Om Yapril AS
Rekrutterings- og rådgivningsselskapet Yapril ble stiftet i Ålesund i 2012 og er i dag det største kompetansemiljøet for rekruttering på nordvestlandet, med oppdragsgivere og kandidater nasjonalt og internasjonalt. Vår suksess bygger på våre kompetente og erfarne rådgivere, og deres evne til å gi alle involverte en varig kvalitetsopplevelse.
Trainee som Prosjektleiar - Rovde Møbel & Design
Spring Trainee – eit springbrett til di draumekarriere!
Laster inn søknadsskjema