Trainee rekneskap - Reknehuset AS

Vi er ei rekneskapsbedrift med 16 tilsette og har kontor både i Ulsteinvik og Ørsta. Vi er blant dei største rekneskapsbedriftene på Sunnmøre med eit sterkt engasjement for kundane våre og å styrke det lokale næringslivet. I dag er vi ein moderne rekneskapspartnar som gir deg brukarvennlege og smarte rekneskapsopplevingar. Er du vår trainee?
Arbeidskvardagen hos oss
Som trainee hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og personleg utvikling. Arbeidskvardagen er fleksibel og med varierte oppgåver innan ulike bransjar og selskapsformer: rekneskapsføring, rapportering, rådgjeving og kundeoppfølging. Du vil få jobbe tett med dyktige kollegaer som støttar, utfordrar og får deg til å le midt i internmøtet.
Kven vi leitar etter
Vi ser etter deg som enten har fullført eller er i ferd med å fullføre ein bachelor- eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller liknande. Som person likar du utvikling, trivst i endring og verdset samarbeid.

Gjennom denne stillinga er du tilknyttet Spring Trainee. Dette er eit eittårig traineeløp der du får tilgang til sosiale og faglege samlingar som gir deg eit unikt grunnlag for di vidare karriere. Vi tilbyr
- Fagleg påfyll gjennom kurs, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk
- Moglegheita til å bygge nettverk blant innovative og framtidsretta bedrifter
- Ein nydeleg gjeng med engasjerte traineear
- Eittårig traineekontrakt med moglegheit for fast tilsetting
Spring Trainee vert gjennomført med midlar frå hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre og midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Steder
- Bjørndalv. 7, 6065 Ulsteinvik, Strandg. 15E, 6150 Ørsta
- Søknadsfrist
- 06.05
Om Yapril AS
Rekrutterings- og rådgivningsselskapet Yapril ble stiftet i Ålesund i 2012 og er i dag det største kompetansemiljøet for rekruttering på nordvestlandet, med oppdragsgivere og kandidater nasjonalt og internasjonalt. Vår suksess bygger på våre kompetente og erfarne rådgivere, og deres evne til å gi alle involverte en varig kvalitetsopplevelse.
Trainee rekneskap - Reknehuset AS
Laster inn søknadsskjema